E-bøker

Læreboka på nett?

Viss du ikkje vil bruke papirboka som hovudkjelde for elevane sitt læresttoff er det etter kvart fleire alternativ:

Det næraste, tryggaste og rimelegaste alternativet er å bruke NDLA.

Som gratisvariant vel også etter kvart fleire å nytte Wikipedia, og bokfunksjonen der

Forlaga har etter kvart byrja å bli digitale. Dei som har helde på lengst er Gyldendal med sine Smartbok-løysingar, og Brettboka.

Aschehoug i samarbeid med Cappelen Damm lanserte hausten 2014 si digitale løysing kalla Unibok.

Løysingane er i stadig utvikling, og har blant anna etablert system for opplesing av tekst. Dette er lurt å vere klar over viss ein vurderer lydbøker for elevane.

Brettboka er eit samarbeid mellom fleire forlag. Det er denne løysinga som har hatt flest titlar. Løysinga er enkel, og ikkje så interaktiv, men har god og stabil funksjonalitet for markering, notering og søk. Videoen dei har lagt ut er ei fin innleiing til bruk av ebøker generelt.

Smartbok har også gode introduksjons- og instruksjonsvideoar, som kan gjere det lettare for deg å forstå og kanskje ta i bruk ebok med elevane dine.

Viss du etter å ha sett gjennom alle desse forslaga til å gå digitalt med lærestoffet for elevane dine, framleis er usikker; ta kontakt med IKT-pedagogane. Me kan hjelpe deg med å utfylle informasjonen og drøfte fordelar og ulemper. Viss det er ynskje kan me planlegge eit besøk/kurs.

Besøk også Bloggen til Siv, der erfaringar og emnet vert drøfta.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *