Erfaringar med iPad i TFK

Telemark fylkeskommune har sidan 2011 gjennomført større eller mindre forsøk med bruk av iPad i undervisninga. Alt frå prosjekt i enkeltfag med ein klasse, til fulldekking 1:1 på ein heil skule.

Artikkelforfattaren har hatt oppdrag med å følgje opp desse prosjekta, og danne seg eit bilete av korleis iPad fungerer i den vidaregånde skulen i Telemark. Me har forsøkt å samle erfaringar og betraktingar kring dette, og også publisert ein del av det på nett. Mesteparten av dette er samla i bloggen sivsinblogg.blogspot.com, men her kjem ei lita oppsummering på tema.

Grunnskular rundtom i landet satsar mykje på bruk av nettbrett, og gjerne iPad. Dette arbeidet ser ut til å lukkast ganske bra. Hovudgrunnen til dette er nok at ein kan få gjort mykje godt læringsarbeid med omsyn til grunnleggjande dugleik med ein iPad; lesing, skriving, rekning, og den er flott til informasjonshenting. iPad har mange apps og system for å drive god pedagogikk.

Me har ikkje lukkast like godt i vidaregåande, sjølv om det også her er mange fordelar; ikkje minst at ein ved å samle lærestoffet digitalt sparer seg store bører med lærebøker og PC på ryggen kvar dag til og frå skulen. Gode kunnskapar kring kva som er potensialet til ein iPad må også til, viss pedagogane skal ta reiskapen i bruk på ein god måte.

Eg har utarbeida eit kurs for pedagogisk bruk av iPad i iTunes-U. Dette ligg fritt ute til alle å bruke: Opplæring i iPad for lærarar

Me har testa ut iPad mini på elevar på studiespesialiserande (vel og merke i særs liten skala), men elevane her syns at dette vart ei for lita eining til å skrive lengre tekstar på. Dette er også noko elevar som har større iPad nemner, men ikkje like mykje.

På yrkesfag strandar iPadbruk mykje på at dei har behov for tyngre spesialprogram i opplæringa si. Dette fins det ikkje gode nok apps for, og då må dei gjerne ha PC i tillegg, – og dette kan ikkje dekkjast innafor PC-ordninga. Så sjølv om brettet totalt sett gir ein auka pedagogisk gevinst og stor nytte i læringsarbeidet, strandar bruk på dette eine punktet.

Sjølv om det kanskje er hindringar i vidaregåande for bruk av iPad, så er det mange fordelar for læraren med å bruke iPad. Andre nettbrettløysingar dukkar også opp, og med Office 365, så vert alle digitale einingar gode hjelpemiddel.

Fordelar med iPad for læraren

Rapport frå arbeidet 201/13

Er iPad det rette?

Kuriositet; Erfaringar i 2011

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *