Fotobok

Kan elevane dine ha glede av å dokumentere praksis på ein ny måte? Kan det vere interessant å samle bilete frå aktivitetar saman med klassen, t.d. ein klassetur, eit prosjekt? Har du drøymt om å lage ei illustrativ lærebok? Kan det vere eit mål at elevane lager ei bok, f.eks, ei handbok i ein prosedyre, ei barnebok, ei peikebok, ei kokebok?

Eller; Tar du vare på bileta dine for ettertida? Kor ofte tar du famile og venner med på datamaskin eller tv for å sjå digitale bilete du har tatt? Har du irritert deg over at alle må sjå på bilete samtidig? Har du store planar om å lage scrapbook, men får aldri tid? Puttar du framleis minnepinnen i framkallingsmaskina hos fotoforhandlaren, og får ut bunkar med papirkopiar som blir liggjande i ein skuff? Viss du puttar papirkopiane i ein album, syns du den er kjedelig? Stolar du på at digitale bilete vert på den digitale dingsen for alltid?

Det kan hende du er mest tent med ei fotobok! Ei bok med vanlege sider som du, og dei du vil vise bileta dine til, kan bla i når det måtte passe. Boka har fokus på bilete, men det er lett å setje inn tekst og alle slags illustrasjonar.

Fordelen er at den kan trykkjast i så mange eksemplar du ynskjer, og du slepp å bli godkjent av eit forlag. Berre lag og trykk!

Her kan eg bidra med kurs, viss dette kan vere interessant på din skule.

Det fins mange system for  lage fotobøker, men CeWe har fått best i test mange gonger, og det er fleire bildeleverandørar som samarbeider med dei.  CeWe-programmet lastar du lett ned til eigen PC, lagar fotoboka slik du vil ha den, og lastar så fila til leverandør som trykkjer og sender ferdig bok til deg (eller du kan hente den hos forhandlar). Pris varierar etter kvalitet og storleik. men samanlikna med å framkalle papirkopiar og kjøpe album, så er dette ikkje så dyrt.

Det eg kan gje kurs i er korleis du set saman bilete og redigerer og bestiller boka. Elles så har CeWe gode onlinekurs, som kan hjelpe deg på veg.

CeWe-ill

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *