Samskriving i O365 og Google – ei lita samanlikning

Samskriving vil seie at ein sit med kvar si digitale eining (PC, nettbrett, mobil …) og skriv saman i same dokument. Ein kan altså sitje langt frå einannan, men likevel jobbe saman. Genialt!

Her er litt erfaringar og betraktingar kring teknikken kring dette.

Vi har vore to grupper som har skrive eksamensoppgåver ved hjelp av samskrivingsverktøy våren 2015, den eine gruppa har nytta Google Docs og den andre Word i O365.

Begge gruppene har sett det som ein stor fordel for resultatet å kunne jobbe på denne måten, men dei to programma opptrer litt ulikt. Dette kan variere alt etter kva system ein sit på, men er verdt å tekje gjennom.

I Google docs ser ein kva dei andre skriv umiddelbart. Dette kan vere moro, men gruppa gav uttrykk for at det kunne verke både forvirrande og forstyrrande – særskilt viss ein starta med klipping og liming. Viss ein av deltakarane jobba med gjennomlesing og konsentrerte seg om dette, så hoppa teksten opp og ned viss ein annan av deltakarane klipte ut eller limte inn tekst. Denne gruppa lærte seg at redigering på denne måten berre skulle skje mens dei andre i gruppa held på med andre aktivitetar. Fordelen er altså at ein skriv saman i sanntid, og umiddelbart ser kva som vert skrive, men ulempen er at det kan verke litt stressande.

Word i O365 har ein oppdateringsknapp. Det betyr at gruppemedlemmane kan redigere og jobbe med teksten «i ro og fred» og så oppdatere når ein er klar (har ein omsut for gruppa så oppdaterer ein ganske ofte). For å få inn endringane må dei andre gruppemedlemmane også bruke oppdateringsknappen. Tekst som er endra dukkar opp med bakgrunnsfarge, slik at det er lett å sjå kor endringar dei andre har gjort er. I tillegg dukkar det opp markeringar i margen viss nokon av dei andre er inne i dette området og redigerar. Ein ser altså ikkje umiddelbart tekstendringar, men har meir «kontroll» på teksten mens ein jobbar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *